![](https://cdn.prod.website-files.com/663bde0a65f1fe346d2df700/663bea01e0b8b71a24709a39_gjosund-hamn-toppbilde-min.jpeg)
– der fiskeriklynga, framtida og verda knytast smartare i hop
Midt i matfatet og den maritime klynga på Sunnmøre ligg Gjøsund hamn. Her har vi lang tradisjon for å samarbeide om verdiskaping og nyskaping. Denne tradisjonen brukar vi no til å utvikle framtidas smarte hamnemodell for fiskeri og anna næringsliv.
![](https://cdn.prod.website-files.com/663bde0a65f1fe346d2df700/6644596ea3755a2d4e44ef21_gjosundhavet.jpg)
Godskorridoren som opnar Gjøsund mot verda
Vi samarbeider med sjømatnæringa på Hitra og fiskerihamna i Hirtshals for å sikre fullasta skip, smart logistikk og miljøeffektive løysingar for fiskeri og maritim næring. Saman får vi meir gods frå veg til kjøl.
Målet vårt er betre tenester og infrastruktur ved å tilby:
- totalt 500 meter samanhengande kai med djupne frå 8 til 12 meter
- djupvasskai
- totalt 550 dekar næringsareal
- RoRo-kai som legg til rette for RoRo-rute
- infrastruktur for kjøl og frys og energi/bunkring
- enkel logistikk og «one-stop shop» for tenester, varer og vedlikehald
Kontakt oss
Ta gjerne kontakt med oss om du ønskjer å etablere deg i hamna, vere med på å utvikle hamnemodellen for framtida eller vil vite meir om kva vi arbeider med.
![](https://cdn.prod.website-files.com/663bde0a65f1fe346d2df700/663c7cc59c2172fd1a0908a2_forsideslider-1.jpg)
![](https://cdn.prod.website-files.com/663bde0a65f1fe346d2df700/663c7fc5766d7de951647270_forsidegalleri-2-min.jpg)
![](https://cdn.prod.website-files.com/663bde0a65f1fe346d2df700/663c7fd57a0e9d46c201c386_forsidegalleri-3-min.jpg)
![](https://cdn.prod.website-files.com/663bde0a65f1fe346d2df700/663c7fe5e4b1b5b5c12a3549_forsidegalleri-4-min.jpg)
![](https://cdn.prod.website-files.com/663bde0a65f1fe346d2df700/663c7ffb461b99a8e3ce79b2_forsidegalleri-5-min.jpg)
![](https://cdn.prod.website-files.com/663bde0a65f1fe346d2df700/663c800b9d7c309bbf4cff61_forsidegalleri-6-min.jpg)