Gjøsund bunkers kjem til å tilby både tradisjonelle og miljøvennlege drivstoffprodukt, smøreoljer og andre nødvendige forsyningar til sjøtransporten.
– Dette blir eit anlegg som er dimensjonert for framtidas behov i fiskerinæringa, seier prosjektleiar Linn Indrestrand. Med seks store tankar får hamna kapasitet til å levere både tradisjonelt drivstoff og meir miljøvennlege alternativ.
Anlegget får fleire lagringstankar med ein samla kapasitet på over 18 000 kubikkmeter, og kan tilby eit breitt spekter av produkt – inkludert fornybare drivstoff og miljøvennlege løysingar.
Anlegget kjem til å lagre og tilby:
- Tradisjonelle drivstoff som marine gassolje (MGO) og autodiesel (AGO)
- HVO (Hydrotreated Vegetable Oil), ein fornybar diesel med lågt klimafotavtrykk
- Urea til bruk i SCR-system for reduksjon av NOx
- Smøreoljer og andre forbruksprodukt som fartøy treng
– Vi byggjer for framtida. Dette anlegget blir ein viktig del av Gjøsund hamns "one-stop-shop"-strategi, der fartøy skal få alt dei treng av varer, tenester og forsyning på ein stad, seier dagleg leiar Gaute Vorren i MHService, som skal drive anlegget.
Bunkringsanlegget blir plassert strategisk langs kaiområdet slik at fartøy enkelt kan bunkre direkte frå kaikanten. På sikt skal det vere mogleg å bunkre langs inntil 1 000 meter kai.
– Med dette anlegget styrkjer vi posisjonen vår som ei sentral hamn for fiskerinæringa, avsluttar Indrestrand.