Dette kjem etter at kommunestyret 23.04 slutta seg til tilrådinga frå kommunedirektøren og eit samla formannskap om bygging av kai på Gjøsundneset. Kaia skal nyttast som fiskeri- og godskai, og vil leggje godt til rette for vidare næringsutvikling i området.
– Den planlagde kaia får ei lengd på 165,7 meter, i tillegg til etablering av ein dykdalb Dette vil gi ei samla fortøyningslengd på om lag 200 meter. Kaia skal nyttast som fiskeri- og godskai, og vil leggje godt til rette for vidare næringsutvikling i området. Bygginga av kaia er det første store resultatet etter at prosjektplanen for Gjøsundneset vart vedteken. Kommunen forventar at satsinga vil utløyse ytterlegare investeringar allereie i løpet av det komande året, med bygging av fryseri og bunkringsanlegg rett ved kaia, noko som vil gjere Gjøsund hamn til ei regional hamn med one-stop-shop tilbod seier kommunedirektør Karl Andre Birkhol.
– Arbeidet med kaianlegget startar så snart løyve om igangsetting er på plass, og det er forventa at kaia står ferdig innan utgangen av 2026.
– Dette har vore eit etterlengta tilbod, spesielt frå lokal fiskerinæring. Investeringa er viktig for Giske kommune, for den lokale fiskerinæringa og for det maritime næringslivet i heile regionen. Kaia vil styrke infrastrukturen, skape nye moglegheiter for næringsutvikling og bidra til auka verdiskaping, seier ordførar Kenneth Langvatn.

