Om oss
Gjøsund hamn byggjer framtidas nærings- og hamneområde
Gjøsund hamn er utviklaren av framtidas fiskerihamn i Gjøsundet på Sunnmøre. Vi skal utvikle framtidas hamnemodell, basert på sirkulære symbiosar. Med vår unike plassering og vårt klyngesamarbeid legg vi til rette for miljøeffektive one-stop shop-tenester og utsleppsfrie energiløysingar.
Organisasjonen er under oppbygging. For tida er Gjøsund hamn eit prosjekt i Giske kommune, med eigen prosjektleiar, og tett samarbeid med kommuneadministrasjonen. Kommunen er også største grunneigaren i området.
Giske hamnevesen KF har ansvar for å drive hamner etter Havne- og farvannsloven frå 1.1.2026. Det er Ålesundregionens Havnevesen som gjer dei praktiske driftsoppgåvene på vegner av hamnevesenet.
Det er inngått opsjons- og intensjonsavtalar med bunkrings- og fryseriaktørar, og fleire er interesserte i å etablere seg i området.

Gjøsund hamn skal vere
ein akselerator i ei verdsleiande havnærings- og sjømatklynge, som bidreg til grøn omstilling

Vår historie
Frå behov til realitet med mange på laget
Mange aktørar har lagt eit viktig grunnlag for Gjøsund hamn. Næringslivet og kommunen har arbeidd saman for å knyte fiskeriklynga, framtida og verda smartare i hop.
1996
Strategisk næringsplan vedteke
2016
Reguleringsplan vedteke første gong
2018
Gjøsund utvikling blei skipa
2019
Avtale om mudring gjort med kystverket.
2024
Mudring ferdig.
Del av Grønt industriløft
2025
Etablert Giske hamnevesen KF
Avklart bunkersaktør
Opsjon/intensjon med fryseri
Fyller ut område for å bygge kai
2026
Utbygging av kai, fryseriaktør og bunkersanlegg.
Vår visjon
Vi er ei internasjonal leiestjerne som miljøeffektiv hamn og næringsområde for fiskeri- og havbaserte næringar.

Hamna vår
Du finn oss i Gjøsundet i Giske kommune, på vegen mellom Ålesund og Ålesund lufthamn Vigra.